 Kjølviksagen til høgre på bilde
Om Sagplassen
Sagplassen Brug er eit lite sagbruk og snekkerverkstad som held til i Vatlandsvåg i Suldal kommune. Produksjonen er for det meste villmarkskledning (fjordabord),båtmaterialer ,grindabygg og heiltremøblar.
Sagplassen er navnet på eigedommen der verkstaden ligg , det var på denne eigedommen sagmesteren til kjølviksagen budde når denne var i drift frå 15-1600 talet og fram til midten av 1900 talet. Det var stor aktivitet på kjølviksagen og trelast herifrå gjekk bl.a.til Skottland.
I tilleg til sagbruk har og Vatlandsvåg tidlegere hatt fleire båtbyggeri og lang tradisjon med fleire bøkkerverkstadar. Eg har som mål å ta vare på noko av denne tradisjonen ved bl.a. å la fjordabord ,tretønner og det maritime komma fram i møblane.
|